Nye i Jan-Eriks krets |
Jan-Eriks bidrag |
Eg er ein av dei. Ein av dei som heng seg opp i ting folk flest aldri kunne tenkje seg å tenkje på ein gong. Eg er ein nerd. Ein usability-nerd. Han som rakkar ned på innpakkinga. Ikkje bodskapen. Som regel held bodskapen vatn. I alle fall om ein ser pragmatisk på det.
Carl Ivar Hagen sin bodskap held vatn. For Carl Ivar Hagen. Og alle veljarane hans. Dei den var mynta på. Men eg er ein sånn som tek føre meg innpakkinga. Det er eg som reagerer på at bodskapen vert framførd i grilldress. Eller frå ein solstol frå den norske klubben på Costa Del Sol. Eller via faks til journalistar som ventar på faks.
(Arrrgh!! Snerr!!zzxx¤%&/##»!!!!!…zzzz)
Her ein dag fekk eg ei utfordring. Eller, det vil seie eg OG Sogndal kommune fekk ei utfordring. Og mi utfordring kunne ikkje løysast utan at kommunen først løyste si utfordring.
Saka er som følgjer: Eg hadde behov for å føreta ei korrigering av eit tidlegare dokument utskrive av fastlegen min. Berre ein bit av ei kake, tenkte eg. Eg skriv ein epost til fastlegen. La oss no tenkje oss at fastlegen min heiter Finn Fastlegekalvik.
Jau. Det mest naturlege var sjølvsagt å oppsøkje heimesida til legen. Altså, tenkte eg, heimesida til Sogndal kommune. Eg finn sikkert Finn Fastlegekalvik der. www.sogndal.kommune.no
Framsida: Skal vi sjå. Kvar kan eg finne info om legen min? Lege, legesenter, fastlege, helsesenter, helse, lækjar, lækjarteneste, lækjarsenter…naaaii, inga verdas ting. Men vent litt! Der, i den overbelinka venstremargen, kanskje? Der står det mellom anna Framsida, Om Sogndal, Kultur, Ungdom…det står Politisk informasjon, det står litt av kvart. – Men Hey! Tenester og skjema, kan det vere Tenester og skjema? Eg prøver. Og kjem til Tenester og skjema.
Vel møtt til Tenester og skjema. Det er berre å leite vidare. Lukke til.
Kan det vere Skjema, Kultur, Plan og Næring eller Kommunalteknikk? Nei, sjølvsagt ikkje. Men der er han!!
Hei Helse, eg har leita etter deg. Kan eg vær så vennleg få klikke på deg?
Takk og lov – eg nærmar meg. Men først må eg avgjere om eg treng Foreldre- og fødselsførebuande kurs, eller kanskje berre Habilitering, rehabilitering og individuell plan? (Eg er ferdig med førstnemnde. Men sistnemnde, kanskje?)
Men eg finn han jo til slutt. Ikkje Fastlegekalvik, men Legetenesta.
På Legetenesta har dei brukt 233 ord for å få fram bodskapen sin om at det er sju fastlegar og at dei kan nåast på desse to telefonnummera og at du finn dei her på denne adressa. (Og litt anna pjatt som alle som i utgangspunktet har klart å kome seg til denne sida uansett kan finne fram sjølv.)
EG VIL BERRE SENDE EIN EPOST TIL FASTLEGEN MIN!!!!!! EG TRENG IKKJE SNAKKE MED HAN!!! EG TRENG IKKJE STÅ I TRETTI MINUTT TELEFONKØ OG HØYRE PÅ FüR ELISE MED RICHARD CLAYDEMAN OPPATT OG OPPATT!!! EG TRENG IKKJE DET!!! HAN KAN SJÅ PÅ DET NÅR HAN FÅR TIIIIID!!!
(KAN NOKON HØYYYRE MEG!!!???)
Heldigvis, får eg seie, har eg ein uvane med å bevege peikefingeren over hjulet på datamusa. Så også denne gongen. Og bra er det, for eg oppdagar plutseleg ei epostadresse litt lenger nede på Legetenesta -sida. (Jaudå, eg såg den der vertikale scroll-meg-stripa, men eg såg ho ikkje likevel – eg såg ikkje sida for berre ord).
Kontaktinformasjon for Tenesteeining Helse:
Postmottak@sogndal.kommune.no
(Arrrgh!! Snerr!!zzxx¤%&(/##»!!!!!…zzzz)
Og så trudde du at historia var over, lang nok som den er allereie? Å, nei du. Les vidare om du gidd.
For lenger nede (vi er framleis på Legetenesta ) kan den kjære kommunen opplyse om endå ei epostadresse: Nemleg epostadressa til Tenesteleiar Helse.
No er eg ikkje så sint lenger. No set eg meg berre ned og skriv. Eg tippar; kan det vere slik at adressa til fastlegen min har ei form som dette: førenamn.etternamn@sogndal.kommune.no? Eg tykkjer sjølv at dette må vere eit godt stykkje logisk arbeid. Så eg prøver Finn.Fastlegekalvik@sogndal.kommune.no
Delivery failure: Finner ikke brukeren Finn.Fastlegekalvik@……
Siste utveg: Tenesteleiar Helse. Ho må då for (Arrrgh!! Snerr!!zzxx¤%&(/##»!!!!!…zzzz) kunne vidareformidle ønskjet mitt om å få kontakt med fastlegen min? Eg sender ein mail.
Etter ei lita veke kjem det svar. Ikkje frå Tenesteleiar Helse, men frå ein mystisk person som skjuler seg bak namnet Sogndal Legesenter:
______________________________________________________________________________
Til Jan-Erik Kvåle
E-post til Sogndal legesenter og legene her skal sendast til legekontoret@sogndal.nhn.no.
Finn Fastlegekalvik har forøvrig eit års studiepermisjon no, og Leif Littfastlege har teke over pasientlista hans i denne perioden.
Venleg helsing
Sogndal legesenter
______________________________________________________________________________
Sukk.
Eg resignerer og blir likesæl. Så finn eg fram den blå boka om nettskriving og les litt om kvifor ein ikkje skal bruke så mange ord når ein skriv for nett. Og at ein absolutt bør unngå for mykje Kursiv. Og at ein for all del må kutte the crap og kome til saka. Og at det beste ville vore om alle nettsider var midtstillte.
Avisa Firda har oppretta ei sone for publisering av leiar- og kommentarartiklar, Firda meiner. I denne sona skal redaktørane og evt. andre kommentatorar dele sine meiningar med massen. Dei vil vere eineherskarar for eiga sone, forståeleg nok, og ein kan difor ikkje melde seg inn i sona – kun kommentere.
Så langt veldig bra. Men kunne det ha vore ein idè å leggje til ein funksjon i Origo der ein kan “bokmerke” sona? Slik det er lagt opp no må eg stjernemerke kvart innlegg for å følgje med på diskusjonen – og då er eg jo allereie tilstades i sona, ikkje sant?
Eg vil gjerne ha melding på Mitt Origo kvar gong eit nytt innlegg vert posta. Det får eg i andre soner der eg er medlem. Dersom eg skal følgje med på kva som skjer på Firda meiner må eg leite litt rundt på firda.no/Fjordaglimt (eg har ikkje Fjordaglimt som default lokalsone). Eit anna alternativ er jo å elge meg innpå Stang`en – og invitere han inn i krinsen min.
Eg vil klikke minst mogleg.
På oppdrag frå World Editors Forum har leiande designerar kåra dei mest framtidsretta nettavisene.
The newspaper websites most often cited were elpais.com (Spain), guardian.co.uk (United Kingdom), globeandmail.com (Canada), 24sata.hr (Croatia), and Times Online (United Kingdom).
Litt artig fordi eg for ei vekes tid sidan retta følgjande førespurnad til den driftige kanalsjef Arild i Firda:
Eg har lagt merke til at Aftenposten.no og nrk.no midtstiller nettsidene sine. I motsetnad til firda.no, dagbladet.no og vg.no, som venstrejusterer. Som lesar er eg oppteken av korleis nettsider framstår. Brukar eg ein stor skjerm blir det store kvite feltet på høgre sida litt sånn trugande, som om eg ventar på å bli angripen av eit svært epilepsitriggande Flash-uhyre….
Dette feltet kan med fordel delast ut på venstre og høgre side.
(….)
Men det er kanskje ein felles policy på dette?
Arild er jo ein høfleg mann, så han svara som best han kunne at dette ikkje vert styrt lokalt, sidan firda.no er ein del av API-systemet saman med opptil 80 andre nettaviser. Men han lova å sende spørsmålet vidare. Kanskje til Origo- og API-gutane her på Nettskriving?
For desse ovanfor nemnde supernettavisene er jo sjølvsagt midtstilte. Og dei har heller ikkje slike vanvittig irriterande splatter-sidebars som mange nettaviser åpenbert tykkjer er lurt. Dagbladet har heldigvis rydda i designet – men diverre enno ikkje midtstilt.
- Eller er det berre eg som er sær? Eg har i alle fall funne ut korleis eg sjølv vil ha det – om eg ein gong kjem i posisjon til å ta slike avgjersler…
Av og til hender det at eg illustrerer ein kommentar med eit bilete eller to. Den nye lokalsona Sognatreff er knytt til lokalavisa mi, Sogn Avis. Eg kommenterte ei sak der i dag. Når du går inn på sognavis.no og les saka, kan ein som vanleg lese kommentarane. Men bileta kjem ikkje med. Difor kan ein slik kommentar framstå som rar…. – dersom ein ikkje klikkar seg inn på Delta i samtalen her!. Kanskje det kan vere ein idè å stoppe førehandsvisinga rett før første bilete (ein skriv jo litt først), evt. leggje inn eit symbol for bilete eller noko slikt. Evt. kan jo vi som kommenterer med bilete tenkje over korleis det vil sjå ut….Som dette biletet viser: til dømes. Men dette vert litt keitete etter min smak.
Gjest-skulpturen til Stig Eikaas har vorte utsett for vandalisme i natt. På min daglege promenade forbi han Gjest (både eg og kidza diggar denne skulpturen) lyste det mot meg:

Raud måling over heile fyren. Desse fantestrekane har nokon hatt moro med å utføre i løpet av natta.

Eg har sett meg ut nokre hovudmistenkte (i uprioritert rekkjefølgje):
Hans Jakob Reite
Oddleiv Apneseth
Fritjov Urdal
Katrine Sele
Georg Arnestad
+ resten av kultureliten i Førde og på Jølster (dei får ta eit kollektivt ansvar).
Eg vil ha han Gjest tilbake!!!!!!!!

SLIK!!
Men seriøst:
Dette er vandalisme. Det er sjølvsagt ikkje dei ovanfor nemnde kulturpersonlegheitene som har gjort dette. I desse tider kan det vere freistande å skulde på raudrussen (raud farge, ikkje sant?), men personleg trur eg ikkje det. Har du gått tre år på vidaregåande skule skal du ha meir forstand i skallen enn som så – skjønt……
Dersom dette er eit uttrykk for gjerningskvinna sine tankar om Stig Eikaas sin kunst, er det total skivebom. Eit debattinnspel på neandartalnivå.
Nei, dette handlar nok mest om god gamaldags vandalisme. Truleg med føremål å råke raudrussen. Det kan berre ikkje vere gymnaselevar??
Måtte dei få mange timar med høgtrykkspylaren!
Førre helg var eg ein tur til Bergen. Ho var med. Og Den minste. Eg møtte Miss Mona Grudt og ein knarkar. Og stylist Jan Thomas.
Den eldste og Den mellomste var trygt plassert hjå tante heime i Sogndal. Veldig greit med slekt i nærleiken. Ein lyt hjelpe kvarandre.
Vi skulle ingenting spesielt i Bergen. Anna enn å drikke kaffi. På cafè. Kaffi i høge glas med lang skei. Berre glane på folk og lese aviser. Og drikke meir kaffi. Vi skulle ikkje på IKEA. Vi skulle ikkje på Galleriet. Det vil seie: Ho måtte nett ein tur på Galleriet. Det tok tre-fire timar. Eg nektar å gå på Galleriet. På Galleriet kan ein treffe sogningar, og eg er ikkje vidare interessert i å møte sogningar i Bergen, for då må ein gjerne snakke med folk ein normalt berre helsar på. - Å, hei! Jajajaja. Bytur?
Så eg og Den minste tek oss ein promenade. Og nokre glas kaffi. På promenaden over Torgalmenningen stoppar vi opp. Det er visst eit arrangement på gang. Og oppvarmaren kan etter kvart opplyse at SJØLVASTE Miss Mona Grudt er venta på scena kvar augneblink. Den minste har ikkje noko i mot å vente på Miss Mona Grudt.
Kjem du ikkje snart Miss Mona Grudt?
Etter kvart kjem faktisk Miss Mona Grudt. Introdusert av dundrande dancerytmar. Miss Mona Grudt kan fortelje at i år skal det vere friske fargar. Og det skal vere meir også, men eg får ikkje alt med meg. Den minste vert fort lei av Miss Mona Grudt og eg byrjar å lengte ned til Macumba på Vågsalmenningen. Byens beste. På veg ned stoppar eg. Ein knarkar står med ein bunke Megafon i hendene. Tenner seg ein røyk.
Sel du? Spør eg.
Jaja, svarar han sløvt.
Kor mykje? Spør eg.
Femti, svarar han.
Eg tek eitt, seier eg.
Han nikkar. Eg gir han ein hundrelapp.
Kan du gje att? Spør eg.
Han nikkar sløvt.
Kva tykkjer du om at Miss Mona står og pratar om motar og trendar? Spør eg.
Naæ, seier han, og trekk på skuldrene.
Eg spør om eg kan få eit bilete av han saman med Miss Mona Grudt der borte på scena.
Det får eg. Har jo nettopp kjøpt eit Megafon.

Så eg tek turen nedover mot Macumba. Eg stoppar opp ved tobakksbutikken litt nede. Ein eldre kar nyt ein sigar, og ser ut til å gje katten i vårens siste skrik.

Eg stoppar på Norli. Bokhandelen. Kanskje eg skal kjøpe meg ein paperback til i kveld. Til etter at Ho og Den minste har somna. Men eg slepp ikkje unna maset om motar og trendar der heller. For kven trur du ikkje at eg møter der?

Akkurat. Stylisten Jan Thomas. Rett frå Hollywood, via Bogstadveien, til niande plass på Norli si bestseljarliste. Macumba, here i come.
Eg rekk å lese litt i Megafon før den minste byrjar å verte utolmodig.

Så då er det berre å ta i veg. Men ikkje til Galleriet. Eg promenerar meg litt fram og attende, og styrer unna maset på Torgalmenningen. Til slutt endar eg på Godt Brød oppe ved Bergens Tidende. Ein fin stad. Den perfekte staden for småbarnsfedre som vil lese og drikke kaffi. Og samstundes vakte på det sovande og svevestøvinnhalerande barnet i vogna rett utanfor vindauget.

Utanfor passerar det fleire feite SUV`ar. Ein svart Volvo XC90 med feite alufelgar. Ein sølvgrå BMW X5 , truleg siste modell. Og, tru det eller ei, ein svart Porche Cayenne! Dritfeit.
Slik går gjerne eit par-tre-fire timar ein laurdag i Bergen.
(Alle mobilfoto:Jan-Erik K.)