Viser arkivet for stikkord moderering

Forslag til reglar for debattforum

Troll i arbeid

Når Mediebruket har halde førelesingar om bruk av sosiale medier for organisasjonar og bedrifter får eg ofte spørsmål om korleis dei bør moderere kommentarar som kjem på f.eks. bedriftsblogg. Mitt svar er at det lettaste er å lage synlege retningsliner på forumet/bloggen, slik at når nokon går over streken så kan de vise til brot på reglane. Det er god skikk å skrive f.eks.:

“Kommentaren er fjerna fordi den er i strid med retningslinene våre”, gjerne med link til reglane.

Her er framlegg på reglar som kan tilpassast etter behov (eg testa dei ut då eg var nettredaktør i Firda, og dei fungerte for meg):

Først kan du skrive noko om eventuelle captcha, eller at innlegg med eit visst antal lenkjer eller visse ord blir halde attende automatisk for moderering (dersom du har slik funksjon), eller t.d. at den som kommenterer må få godkjent ein kommentar før det er fritt fram utan førehandsmoderering.

Nyheitsmedier o.l. kan også ta med ei setning om:

Innlegg og svar på XXX.no representerer ikkje på nokon måte synet til XXX.

Deretter kan teksten vere f.eks.:

Du som skriv kommentar på XXX.no er forplikta til å diskutere saka, og ikkje å diskutere personen som eventuelt har skrive innlegget du vil svare på.
bq. Det er ikkje lov å skrive innlegg under falskt namn, men det er lov å bruke kallenamn (nick).

Skriv mest mogleg sakleg.

Innlegg som vert oppfatta som trakasserande, og som krenkjer privatlivets fred, namngjer privatpersonar eller omtalar grupper på bakgrunn av livssyn, nasjonalitet, utsjånad, rase eller privatliv på ein slik måte at dei kan kjenne seg truga eller uthengde, vil ikkje bli aksepterte.

XXX.no tillet ikkje innlegg som bryt med norsk lov ved at dei inneheld tekst, peikar til, eller bilete av noko som kan medføre straffeansvar, er ærekrenkjande, rasistisk, trugande, obskønt, pornografisk, eller på andre måtar i strid med norske lover. IP-adressa til innsendaren blir logga, og ved alvorlege overtramp kan tilhøva bli melde.bq. Kvar brukar har eit sjølvstendig strafferettsleg ansvar for innlegget sitt. Andre brukarar kan klage på innlegg dei meiner bryt med desse reglane, anten ved å klikke på “Klag på dette innlegget”, eller ved å sende e-post til: webmaster@XXX.no. Den som til ei kvar tid har moderatoransvar vurderer om klagen skal takast til følgje.

Trolling vert ikkje akseptert. Moderatorane kan definere det som trolling når ein brukar gjentekne gonger prøver å avspore debattar, medvite uroar diskusjonen med unødige spørsmål som har opplagte svar, prøver å setje andre brukarar opp mot kvarandre, og/eller skriv innlegg som utelukkande har til føremål å provosere andre brukarar. Viss moderatorane meiner at ein brukar skadar debattrådane meir enn vedkomande gagnar dei, så er moderator i sin fulle rett til å åtvare brukaren, fjerne rettigheiter og evt. utestenge brukaren. Målet med denne regelen er å verne om debattflyten i forumet og måten fleirtalet av brukarane ønskjer å nytte det på.

XXX.no har til ei kvar tid rett til, også på eige initiativ, å redigere eller fjerne innlegg som moderator meiner er i strid med desse retningslinene, eller å stenge ute brukarar som gjentekne gonger bryt reglane for desse sidene.

Med desse reglane bør det vere forholdsvis enkelt å halde nettsidene nokolunde reine for dei verste kommentarane. Men ikkje fjern innlegg berre fordi du er usamd, eller oppfattar eventuell kritikk som urettferdig. Hugs at poenget med å opne for kommentarar og debatt er å få tilbakemeldingar. Dersom du modererer for strengt er det til slutt ingen som gidd skrive kommentarar.

Eit anna råd er å skrive kommentarar sjølv, der du takkar dei som kjem med konstruktive innspel, og ignorerer dei som berre er ute etter å lage bråk.

Ver raus! Lykke til.

Innspel blir motteke med takk!

Sjå også mitt tidlegare innlegg:
Ulike typar vertskap på sosiale medier.

(Foto: Betsy Devine)