Journalistiske triks for sosiale medierAlle som klagar over massiv informasjonsmengd har seg sjølv å takka. Det finst løysingar på problemet og det er ditt ansvar å sortera ut relevant og viktig informasjon. Det sa den britiske journalisten og researcheren Colin Meek frå journalism.co.uk på eit seminar om sosiale medier som Journalisten arrangerte sist helg. Meek var entusiastisk over framtida og dei moglegheitene som vi kan bruka for å bli endå betre journalistar. EIT GODT RÅD er å følgje med og setje seg inn i den teknologiske utviklinga. Som researcher brukar han mellom anna desse hjelpemidla for å fanga opp nyheiter og sortera ut relevant informasjon.
I tillegg vart også twemes , Yahoo Pipes, og avansert google søk løfta fram som gode hjelpemidler. Sjekk ut utfyllande info i på Colin Meek sitt lysbildeshow. MEN VÆR OBS. Folk flest er ikkje klar over all informasjonen som ligg ute på nettet. Vi har informasjon som folk sjølve vel å leggja ut (i fjesbok, origo, etc) og den informasjonen som blir offentleg utan vår kontroll. Meek viste korleis ein med enkle tastetrykk kan kobla info som folk legg ut på fjesbok (fullt namn, vagt kor du bur, kor du arbeider, etc), saman til dømes med ein kommunal søknad og vips så får ein fram planteikningar på heile huset ditt og kor du sover om natta. Og i framtida kjem vi til å sjå fleire slike koplingar. Sosiale medier utgjer eit journalistisk minefelt dersom ein ikkje er varsam med kva detaljar ein legg ut. Journalistar må derfor undersøka: Meir info: Annonse | |||||||||||