|
|
Nettskriving
Forum for innholdsutviklere.
Kveler nyheitene nettstaden din?Tenk nytte – ikkje nyheit — Svært mange norske nettstader og intranett pøser ut nyheiter meir eller mindre ureflektert. Majoriteten av norske nettstadar kan auke nytteverdien sin dramatisk ved å produsere varig innhald framfor flyktige nyheiter. Dersom det einaste verktøyet du har er ein hammar, vil alle problem likne på spiker. Og dersom det einaste verktøyet du har er eit publiseringssystem, vil alt innhald på nettstaden din likne på nyheiter. Sjå på nettsidene til Oslo kommune, Odin, LO, Stabburet, Eurocard, og ein lang rekke andre norske offentlege og private nettstader. Mesteparten av innhaldet på desse sidene består av klassiske ”nyheiter”, eller sagt på ein annan måte: flyktig informasjon utan varig verdi. Eller ta ein kikk på intranett-forsida i din organisasjon. Sjansen er stor for at mesteparten av framsida består av nyheiter, sjølv om det du og andre som regel er ute etter er å finne ein person eller eit spesifikt dokument. Nyheitene står ofte ”i vegen” for det folk eigentleg er ute etter. Min påstand er at svært mange norske nettstader og intranett pøser ut nyheiter meir eller mindre ureflektert, utan å tenke gjennom kost-/nytteverdien korkje for mottakar eller avsendar. Kvifor nyheiter?
For det første er nyheiter nesten pr. definisjon det enklaste (og ofte det einaste) det går an å få ut av mange webpubliseringssystem. Sjølve grunnstammen i dei fleste publiseringssystem er nyheitsartikkelen, med tittel, ingress og brødtekst. Artiklane er typisk organisert i hierarkiske seksjonar, modellert etter nettavisene sine seksjonar for sport, utanriks, osb. Kanskje skuldast denne filosofien at det var nettavisene som først hadde dei mest påtrengande publiseringsbehova, og dermed var dei som stilte krav til dei første versjonane. Til dømes var det CNET sine behov låg til grunn for første versjon av Vignette Storyserver, og Aftenposten sine behov som for ein stor del låg til grunn for Escenic. Nyheiter som internpolitikk For det andre er det openbart eit internt, politisk behov i svært mange organisasjonar å framstå som aktuelle, noko som er lett å manifestere gjennom å vise til talet på og frekvens på nyheitssaker på nettstaden eller intranettet. Etter mi meining har alt for mange webredaktørar og informasjonsansvarlige som eit hovudelement i sin stillingsbeskriving “produksjon av nyheiter til internett/intranett”, og mange blir også målt i høve til bonus og lønnsutbetaling på frekvensen av saker. “Alle andre har det jo” er nok likevel det vektigaste argumentet for dei fleste for å prioritere knappe ressursar til å produsere flest mulig nyheiter, slik at nettstaden “framstår som oppdatert”. Men kvifor? Og kva oppnår ein eigentlig med dette? Høge kostnader
Nettavisene på si side har ein redaksjonell organisasjon, ein forretningsmodell og mange stoffområde å hente saker frå. Dette gjer det forsvarleg å produsere nyheiter med eit slikt trøkk og ein slik kvalitet at lesarane kjem tilbake ofte og med jamne mellomrom. Dei fleste andre typar organisasjonar har imidlertid ikkje nokon av desse elementa på plass, og burde dermed trekke den logiske konklusjonen at dei ikkje burde ha nyheiter som hovudsatsning. Lav nytteverdi
Faktum er nemlig at majoriteten av besøkande til intranett, bedrifts- og organisasjonsnettstader, har heilt andre motiv for å besøke nettstadane enn å lese nyheiter. Dei er tvert imot ute etter spesifikk informasjon om som svarar på eit konkret behov, t.d. sjekke om det løner seg å være medlem i organisasjonen eller kjøpe eit produkt, eventuelt finne eit konkret dokument eller ein kontaktperson. Nyheiter hjelper ingen av desse scenaria. Er du heldig å finne ein nyheit som omhandlar temaet du er interessert i, er det overveiande sannsynleg at saken er utdatert og utan relevante koblingar til det du er ute etter. For det er nemlig nyheitens kjerne; etter ei uke har den ingen verdi lenger. Den er gløymt, og ligg difor og rotnar i arkivet. Og det luktar ikkje godt om nokon skulle slumpe til å finne den. Alternativ til nyheiter
Det finst gode alternativ til nyheitsformatet, og fleire norske nettstader brukar allereie med stort hell temasider, ofte stilte spørsmål, kalender og andre format som i større grad svarer på desse utfordringane. Sjølv har eg i fleire år tala varmt om temasider som ein alternativ erketype med betre eigenskapar enn nyheitssaken. Temasider finst i mange variantar, eit typisk døme er temasidene på norge.no som gir korte forklaringar, lenker og svar på ofte stilte spørsmål om aktuelle tema i vårt møte med det offentlege. Dei viktigaste eigenskapane til temasider vs nyheiter kan kort oppsummerast slik:
Betre verktøy
Ansvaret for å tilrettelegge for andre format og betre gjenfinning ligg ikkje berre på webredaksjonen i dei einskilde verksemdene, men i minst like stor grad på leverandørar av publiseringssystem og konsulentar som bistår med implementering. Saman må vi utvikle og tilpasse verktøy og malar slik at dei fungerar betre enn i dag. For verktøya vi har i dag gjer tydeligvis gjer alt for mykje informasjon til nyheiter – utan at det nødvendigvis er grunn til det. | ||